Dette innlegget handlar om boka Harry Potter og fangen frå Azkaban. Denne boka startar annleis frå dei to første bøkene. Dumlingane og Harry får besøk frå Dudleif sin tante, som snakkar dårleg om Harry sine foreldre, som leier til at Harry rømmer heimanfrå. Ikkje ein god ide, med tanke på det er rømt ein fange frå fengselet Azkaban, som er veldig farleg, og ute på jakt etter Harry. Ikkje nok med det, Harry ser teikn på daud over alt.

Harry rømmer til Diagonalmenningen, kvar han møter Kornelius Bloeuf, magiministeren, som oppfører seg merkeleg. Han møter Hermine og Wiltersene. Harry lærer at Sirius Svaart er ute etter han. Når dei kjem fram til Galtvort har dei hatt eit møte med ein desperant, den nye læraren deiras, Remus Lupus og formelen «Forvento Vergum» so skular noko interessant for Harry.
Det verkar som om Harry ikkje heller i år får eit roleg år. På den lyse sida har dei valfag dette året. Magisk dyrestell og clairvoyanse. Hermine forsvinner i starten av timar og kommer midt i dei, men ingen andre merkar det? I tillegg slår ho til Malfang. (Han fortente det! Ingen fornærmar Bukknebb viss eg kan stogge det.)

Kva gjer du viss du ikkje får gå på skule tur med nesten alle andre elever på skulen? Jo, du sniker deg ut med eit magisk kart, så klart! Kva gjer du når det tidlegere nemde kartet visar nokon som skal vera daud? For so og nesten bli tatt med det, av ein lærar?

https://www.bustle.com/articles/26841-21-harry-potter-and-the-prisoner-of-azkaban-moments-you-still-love-10-years-later
Denne filmen inneheld nokre Romine (Ronny + Hermine) scenar. Dei held hender når Hermine er redd. Dei kranglar so buster fyk, og Hermine søkjer til Ronny, Skjevskank eller biblioteket for trøyst. Harry er litt oppteken med andre ting, men klarar å vere eit tredje hjul. Hermine løyser fleire mysterier (Seriøst, ho hadde passa fint i Ravnklo) og Ronny er modig og Harry er følsam. Alle påpeikar kvar mykje Harry liknar på faren, utanom augo sine.
Nokre skilnader mellom boka og filmen. Treng eg seie det lenger? Hary sitt hår og auge. Harry er med Ronny og Hermine er i Diagonalmenningen når Hermine får Skjevskank. (Alvorleg, kva er det med desse regissørane og å nekte oss komiske scenar? Eg hadde von til Alfonso Cuaròn.) Ronny er beskyttande mot Harry, men ikkje like mykje so Hermine (Det skal vere motsatt). Cuaròn gav ein av Ronny sine beste replikkar i heile serien til Hermine! I staden får ikkje Hermine sine problem nok oppmerksemd til at folk kan tilgi ho for ådferda hennar. Harry sine følelsar får nok merksamd, heldigvis.

https://harrypotter.bloomsbury.com/uk/harry-potter-and-the-prisoner-of-azkaban-childrens-paperback-9781408855676/
Sirius Svaart er ein mysterie, og det er (framleis) ikkje nok tips til at vi kan løyse det sjølv. Lupus sin ådferd er greitt forklart, men mangelfull og Hermine løysar mysteriet so vanleg. Ho held gutane sine trygge. (Ja, eg e verkeleg ei fangirl for Hermine. Je t’aime, Hermine) Slur er forferdeleg, og eg tror ikkje eg har hata nokon so mykje før! Jo, moglegvis Peter Pittelpytt eller Han-Du-Veit.
I seg sjølv favoritt boka mi i serien. Spanande, mystisk, bitter søt, SO mykje å lære. <3<3 So mange spørsmål og svar. Overrasking.